Kort fortalt

Arbeidsløysa opp mot 4 prosent

Spådom frå SSB.

10.03.2023

(NPK-NTB): Arbeidsløysa vil stige gradvis til rundt 4 prosent i 2025, viser berekningar frå Statistisk sentralbyrå. Det betyr rundt 25.000 fleire arbeidsledige.

Arbeidsløysa har lege nær 3,4 prosent dei siste månadene etter å ha falle frå ein topp i august 2020 på 5,5 prosent. Ikkje sidan før finanskrisa har det vore like låge arbeidsløysetal som i 2022, opplyser SSB.

På grunn av svakare vekstutstikter internasjonalt og lågare etterspurnad i mange næringar, vil presset i arbeidsmarknaden dempast.

– Det høge prispresset over tid, og dessutan auka renter, har gjort at vi har mindre pengar å bruke. Det gir lågare aktivitet i økonomien. Med ei arbeidsløyse som er unormalt låg no, må vi forvente at den aukar noko framover, seier SSB-forskar Thomas von Brasch.

(©NPK)

Publisert: 10.03.2023 09:12

Sist oppdatert: 10.03.2023 09:19

Mer om