Kort fortalt

Arbeidsmarknaden er stabil

Små endringar i arbeidsløysa.

27.10.2022

Arbeidsløysa i august var på 3,2 prosent, noko som var omtrent uendra frå mai 2022. Veksten i talet på jobbar var svak i same periode.

Sesongjusterte tal frå Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at det var små endringar i arbeidsmarknaden frå mai til august 2022.

I perioden vart det 3.000 fleire arbeidsledige og 5.000 færre sysselsette. Desse endringane er innanfor feilmarginen, noko som vil seie at Statistisk sentralbyrå ikkje sikkert kan seie at det faktisk har vore ei endring.

Publisert: 27.10.2022 09:15

Sist oppdatert: 27.10.2022 09:16

Mer om