Kort fortalt

Arbeidstilsynet misnøgd

Mange arbeidsmiljølovbrot i hotell og restaurantar.

26.09.2016
(NPK): Altfor mange bedrifter i overnattings- og serveringsbransjen følgjer ikkje dei grunnleggjande reglane i arbeidslivet, slår Arbeidstilsynet fast på bakgrunn av 3.000 gjennomførte tilsyn i år og i fjor.
Åtta av ti verksemder har fått ein eller fleire reaksjonar frå Arbeidstilsynet, som har funne store manglar når det gjeld arbeidsavtalar, overtidsbetaling, arbeidsplanar, HMS-opplæring hos leiar og val og opplæring av verneombod.
Dei grøvste brota gjeld arbeidstid, fortel direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet.
– Mange tilsette jobbar enormt lange vakter, heilt opp imot 17– 18 timar fleire dagar i strekk, fortel Finboe Svendsen og viser til det ho seier er ein typisk førespurnad til Arbeidstilsynet:
«Hei. Vi er to jenter på 19 og 20 år som jobber som servitører. Ofte hender det at vi jobber 15– 17 timer i strekk uten noen pauser og veldig dårlige arbeidsforhold. Vi får aldri overtidsbetalt og dersom dette nevnes blir det veldig dårlig stemning. Vi får heller ikke noen opplagt opplæring og vi må bare lære underveis, noe som er meget vanskelig. Er dette lov? Hva kan vi ev. gjøre for å ta arbeidsgiveren for dette? (Det hjelper ikke å snakke med dem).»
– Det er altfor mange arbeidsgivarar som ikkje følgjer dei heilt grunnleggjande reglane i arbeidslivet. Dei må ta det ansvaret dei har for å tilby dei tilsette trygge, gode og lovlege arbeidsforhold, seier Finboe Svendsen.
Tilsynet har i 2015 og 2016 prioritert tilsyn i overnattings- og serveringsbransjen og har så langt gjennomført rundt 3.000 av 4.000 planlagte tilsyn. (©NPK)

Publisert: 26.09.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44