Arbeidstilsynet skal få gi større bøter
Arbeidstilsynet kan snart få lov til å gi langt større bøter enn i dag.
Eit forslag frå Høgre, Frp, Raudt om å heve gebyrgrensa får fleirtal på Stortinget.
Dei tre partia står bak eit forslag om å «betydeleg heve den øvre grensa for ilegging av lovbrotsgebyr». I dag er grensa på 1,65 millionar kroner, ifølgje NRK , men forslaget seier ikkje noko om kor høge satsane skal vere.
Partia vil også at Arbeidstilsynet rutinemessig melder «arbeidslivskriminalitet av grov karakter» til politiet.
Senterpartiet og Ap støttar ikkje forslaget. Regjeringspartia vil i staden sjå an Arbeidstilsynets praksis etter at dei i fjor haust gav tilsynet beskjed om å gi fleire og høgare bøter.
Forslaget om høgare gebyrtak får også støtte frå Venstre, KrF, MDG, og Pasientfokus, og med SV på laget blir fleirtalet sikra.
– SV forhandlar budsjett med regjeringa, men har ingen avtale utover det. Vi stemmer for det vi er for, og mot det vi er mot, seier SV-nestleiar Kirsti Bergstø til NRK
Arbeidarpartiet seier dette om den kommande avstemminga på torsdag:
– Heller enn å detaljstyre arbeidet gjennom oppmodingsvedtak, meiner vi det er best at ein ser på desse tinga i samanheng med den pågåande storreingjeringa i arbeidslivet. Den er regjeringa godt i gang med, seier stortingsrepresentant Runar Sjåstad.
Han understrekar at partiet ikkje ser bort frå auka gebyrgrense på sikt.
Publisert: 23.11.2022 08:26
Sist oppdatert: 23.11.2022 08:28