Kort fortalt

Hareid: Mista livet i arbeidsulukke

Kom i klem under arbeid på Island Offshore-skip.

12.03.2025

Alle naudetatane rykka ut onsdag morgon etter at det blei meldt om ei arbeidsulukke på Hareid, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt opplyste tidleg til kanalen at det dreia seg om ei alvorleg ulukke. 

Ved 14.40-tida opplyser politiet at ein mann omkom i ulukka som skjedde om bord i ein båt, ifølgje NRK.

Det skal dreie seg om ei klemulukke, ifølgje kanalen. 

Mannen var ein utanlandsk statsborgar og jobba for eit firma som utførte arbeid i skipet som tilhøyrer Island Offshore. Dei pårørande i heimlandet er varsla. 

– Fyrst av alt vil vi ytre vår djupaste medkjensle til dei pårørande. Dette går tungt inn på oss, og vi gjer no det vi kan for å gi omsorg og støtte til kollegaer og andre involverte i ulukka, uttaler Island Offshore-sjef Tommy Walaunet til Vikebladet.

Publisert: 12.03.2025 09:44

Sist oppdatert: 12.03.2025 15:34

Mer om