Astorplast foto marius 11
MJØLSTADNESET: Astorplast held til på Mjølstadneset i Herøy. Dei siste åra har marknaden svikta og gitt store tap for bedrifta. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Astorplast håpar å vere over kneika

Framleis avhengig av kapital for vidare drift.

Marius Rosbach
14.07.2025

Fire svært krevjande år har ført Herøy-firmaet Astorplast ut i ei eksistensiell krise. 

Eigenkapitalen var tapt etter 2023, og situasjonen blei forverra gjennom fjoråret, viser den ferske årsrekneskapen for 2024.

Bedrifta leverer mellom anna røyr og ventilar til fiskeri- og havbruksnæringa, og hadde investert for vekst i sistnemnte marknad, som svikta i kjølvatnet av lakseskatten. 

Omsetninga i 2024 var samtidig på eit rekordhøgt nivå og bikka 68 millionar kroner. Sjølve drifta viser også eit lite overskot, men finanskostnader gjer at selskapet tapte pengar i fjor (sjå tabell under). 

Astorplast AS  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt68,357,3
Driftsresultat0,5-8,7
Resultat før skatt-1,4-10,1

Styret er tydelege om utfordringane i årsmeldinga, og viser til at Astorplast har svært anstrengt likviditet – og er avhengig av tilførsel av kapital eller lån. 

Dei har likevel tru på at tiltaka som sett i verk, vil gi effekt og fortel at det er god ordretilgang per mai i år. Utviklinga gjer at styret ventar eit positivt resultat for 2025. 

Publisert: 14.07.2025 13:18

Sist oppdatert: 14.07.2025 13:18

Mer om