
Stort underskot og tapt eigenkapital
Herøy-bedrift med kanselleringar og tapsprosjekt.
Herøy-bedrifta Astorplast hadde eit nytt tøft år i fjor, viser 2023-rekneskapen som no er offentleg.
Etter fleire lønnsame vekstår, har 2021-2023 gått med underskot. Fjorårets underskot på meir enn ti millionar kroner før skatt, gjer at eigenkapitalen er negativ med kring 12,5 millionar.
Astorplast leverer mellom anna røyr og ventilar til fiskeri- og havbruksnæringa, og hadde investert for vekst i ein marknad som svikta.
Kanselleringar etter lakseskatten
Selskapet skriv i årsmeldinga at forslaget om grunnrenteskatt på oppdrett gjorde at fleire prosjekt vart kansellert og utsett. I tillegg hadde selskapet fleire prosjekt som gjekk med tap.
Trass i utfordringane, meiner styret det er føresetnader for framleis drift, og viser til positiv utvikling i 2024 med eit venta overskot.
Det blir samtidig påpeika at selskapet er avhengige av drift som gir positiv kontantstraum, og at det kan vere behov for å tilføre ny kapital.
Historisk høg omsetning
I fjor stoppa omsetninga på 57 millionar kroner. Det er lågare enn det har vore dei siste tre åra, men likevel på det som er eit historisk høgt nivå for Herøy-bedrifta.
Samla underskot dei siste tre åra, er samtidig på kring 20 millionar.
Astorplast sysselsette 38,5 årsverk i 2023, ei auke på tre årsverk frå 2021. Selskapet hadde ei samla gjeld på 38 millionar kroner ved utløpet av 2023.
Astorplast | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekter | 57,3 | 62,8 |
Driftsresultat | -8,7 | -5,5 |
Resultat før skatt | -10,1 | -6,6 |
Starta i 1997
Astorplast Invest eig alle aksjane i bedrifta. Dei største eigarane i morselskapet er Margrethe Djupvik, Jeanette Storvik og Raymond Storvik, som alle har kring 33 prosent kvar.
Bedrifta blei starta som eit enkeltpersonføretak i 1997 av Atle Storvik.
Publisert: 23.07.2024 10:05
Sist oppdatert: 23.07.2024 18:19