NPK: Brunost-iskremen frå verksemda Storfjord Iskrem i Stordal på Sunnmøre kan smykke seg med Spesialitetsmerket for lokalmat i særklasse frå Stiftinga Norsk Mat.
Brunost-iskremen er laga på G35 og er basert på geitemjølk frå Storfjord-området.
– Eg har vakse opp med brunost med syltetøy og er oppteken av å bevare tradisjonar. Storfjord Iskrem tilbyr norske tradisjonar i frosen form med ein moderne vri, seier gründer Silje Lee Knutsen i ei pressemelding.
Spesialitet er eit offisielt informasjonsmerke som blir tildelt den beste lokalmat- og drikke. Merket skal løfte fram produkt med særlege kvalitetar og gjere dei enkelt å finne i butikken.
Les også
Publisert: 16.06.2022 14:26
Sist oppdatert: 16.06.2022 14:29