Kan lage 10 gangar meir is
I den nye fabrikken i Stordal kan Silje Knutsen i Storfjord Iskrem lage ti gangar meir iskrem enn i dag.
I fjor fekk Silje Knutsen plass i kjølediskane til Coop Nordvest med iskremen sin, frå Sogndal i sør til Orkanger i nord.
Det har gitt vekst. No utvidar ho produksjonskapasiteten kraftig etter at grossistselskapet Spesialgrossisten og Coop er blitt samde om ein distribusjonsavtale som utvidar salet av Storfjord Iskrem frå Bergen og nord mot Trondheim, i tillegg til Vestfold/Telemark og Oslo.
Grunnleggar Silje Knutsen er majoritetseigar og dagleg leiar.
Meir automatisering
– Vi skal framleis gjere mykje manuelt og passe på at produkta og smakane er dei same unike, men vi vil no få automatisert dosering og pakking. På denne måten sparer vi mykje tid, som kan brukast til vidareutvikling av produkta, seier Knutsen i ei pressemelding.
Knutsen starta iskremproduksjon i eit hjørne av ein tom møbelfabrikk i Stordal i 2018.
Frå bigeskjeft til fulltidsjobb
Dei to første åra var den geitemjølkbaserte isen til Storfjord Iskrem berre å finne på restaurantar, hotell og spesialbutikkar på Nordvestlandet.
Storparten av aktiviteten var i sommarsesongen, og drifta var ein bigjeskjeft til jobben i marknadsavdelinga i Bygdebladet på Sjøholt. I 2019 - sist tilgjenglege reknskapsår - nådde selskapet 859.000 kroner i driftsinntekt.
Publisert: 23.04.2021 14:51
Sist oppdatert: 06.09.2021 11:18