Kort fortalt

Auka fare for datakrim i jula

Bedrifter blir åtvara.

13.12.2021
(NPK-NTB). Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) åtvarar norske bedrifter om auka fare for cyberangrep i jula og oppmodar til auka beredskap på fridagane.

Direktør Sofie Nystrøm i NSM seier at erfaringar frå tidlegare viser at aktørane utnyttar fridagar kor mange bedrifter har lågare beredskap. Då aukar òg faren for angrep. Både amerikanske og norske tryggingsstyresmakter har erfaring frå dei siste åra som viser at både kriminelle og framande statar utnyttar lågare beredskap på fridagar til å få tilgang til datasystem.

– Dei som står bak, vil utnytte alle moglegheiter til å ramme norske verksemder, og jula er ikkje noko unntak. Sjølv om dei fleste kan senke skuldrene og slappe av i jula, er det viktig at vi òg har beredskap mot til dømes digital utpressing gjennom høgtida, seier Nystrøm.

NSM oppmodar bedriftene både til å sjekke at kriseplanane held, og at grunnleggjande tryggingstiltak, som sterke passord og totrinns stadfesting, er på plass. Samtidig bør tilsette blir åtvara mot digital utpressing og phishing-forsøk.

– Denne problemstillinga har vorte så stor at du faktisk kan gå konkurs, seier Nystrøm til NRK.

(©NPK)

Publisert: 13.12.2021 11:52

Sist oppdatert: 13.12.2021 11:53

Mer om