Kort fortalt

Auka kvoteråd for makrell

Forskarane bomma på rådet.

20.09.2016
(NPK): Havforskarane gjorde feil da dei rekna ut den tilrådde kvoten for makrell i 2016. No aukar dei kvoterådet med over 100.000 tonn til i alt 773.842 tonn.
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrådde opphavleg ein markellkvote på 667.385 tonn i år, ifølgje fiskebåtreiarorganisasjonen .
Om det reviderte rådet får noko praktisk å seie for makrellfisket i år, er likevel meir uvisst. Det må i så fall kyststatane Noreg, Island, Grønland og Russland først bli einige med Færøyane og EU om. Den avtalte totalkvoten for 2016 er likevel frå før av høgare enn det reviderte rådet, 895.900 tonn. (©NPK)

Publisert: 20.09.2016 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44