Kort fortalt

Auka lønnsvekst i Noreg

Gjennomsnittleg månadsløn er no 48.600 kroner.

09.11.2022

Lønnsveksten mellom tredje kvartal i fjor og same periode i 2022 var 4,1 prosent, som er det høgaste som er målt etter pandemien.

I tillegg har dei som har vore i same jobb i to år på rad, ein lønnsvekst på 5,4 prosent, ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Den gjennomsnittlege avtalte månadslønna auka med 4,1 prosent mellom tredje kvartal i fjor og same kvartal i 2022, til i overkant av 48.600 kroner.

Det er den høgaste lønnsveksten målt mellom same kvartal det etterfølgjande året, med unntak av andre kvartal i 2020, som var kraftig påverka av pandemien.

– Ein av grunnane til at lønnsveksten auka dette kvartalet er nedgangen vi såg i gjennomsnittslønna mellom andre og tredje kvartal i 2021, seier seksjonssjef Tonje Køber i SSB.

I same periode i år har gjennomsnittslønna derimot vore nokså stabil. Lønnsveksten auka primært i privat sektor.

Publisert: 09.11.2022 12:32

Sist oppdatert: 09.11.2022 12:33