Både omsetning og resultat auka i den lokaleigde avisa, og resultatmarginen for 2022 var 7,1 prosent. Dette er ein auke frå 5 prosent i 2021.
I følgje årsrekneskapen sysselsatte avisa i 2022 fire årsverk.
Synste Møre er lokalavisa for Vanylven kommune i Møre og Romsdal, og utgir papiravis torsdag kvar veke. I følgje nettsidene til avisa trykker dei 48 utgåver i året, med eit omfang på 20 sider per avis. I tillegg driv redaksjonen nettavis.
| Tal i mill. NOK | ||
| Synste Møre AS | ||
| 2022 | 2021 | |
| Driftsinntekter | 4,2 | 4,0 |
| Driftsresultat | 0,3 | 0,2 |
| Resultat før skatt | 0,3 | 0,2 |
Publisert: 14.07.2023 15:48
Sist oppdatert: 14.07.2023 15:48





