Skutvika oversikt mot ost foto DNB Naeringsmegling
SKUTVIKA: Området på Aspøya i Ålesund var tidlegare konteinarhamn, men den er flytta til nordsida av byen. No vil hamnevesenet selje eigedomen for bustadutvikling. Foto: DNB Næringsmegling
Nytt

Tregt sal av sentral Ålesund-tomt: – Stille i marknaden

Ny bydel kan gi opptil 500 nye bustader.

Marius Rosbach
19.03.2026

No er det kring eitt år sidan DNB Næringsmegling sende ut prospektet for Skutvika-området på Aspøya i Ålesund til moglege kjøparar. 

Håpet då var å vere i mål med ei sal av området før sommaren i fjor. 

Slik gjekk det ikkje, og eigedomen er framleis til sals, fortel hamnefogd Ole Christian Fiskaa til Nett No.

– Det er stille i marknaden. Vi har hatt noko interesse, men ikkje noko fast fisk, seier han. 

– Har ikkje dårleg tid
Ålesundregionens havnevesen er seljar av området på kring 50 mål til saman. Her kan det bli plass til opptil 500 nye bustader i gangavstand frå sentrum.

– Prosjektet er gryteklart, og det er berre å sette i gong om det melder seg kjøparar, seier Fiskaa.

Sjølv om bygg- og anleggsbransjen meinte botnen blei passert i løpet av fjoråret, er det framleis historisk låg aktivitet når det gjeld nye prosjekt.  

I dag blir området leigd ut til lager for å sikre inntekter. 

– Vi har ikkje dårleg tid. Drifta står seg greitt ved å leige ut på kortare kontraktar, legg han til.

Legger detaljert plan for framtidas Skutvika
NY BYDEL: Slik ser ein føre seg av Skutvika kan bli bygd ut. Det som inntil kort tid sidan var ei konteinerhamn, kan bli ein ny bydel med plass til 500 bustader. Illustrasjon: Slyngstad Aamlid arkitekter

Sørside-utbygging dreg ut
Arbeidet med å få til ei utbygging på Sørsida – som vil knyte Skutvika-området tettare til sentrum - har teke lengre tid enn planlagt. 

Hamnefogden opplever ikkje at det er ei utfordring for å kome fram til eit sal. 

– Det er vanskeleg å seie, men det er ikkje noko vi har høyrt. Det er to ulike områder, sjølv om dei ligg tett ved kvarandre. Eg forstår at eigarane våre i kommunen, ser potensiale for byutvikling begge plassar uavhengig av kvarandre, seier Fiskaa. 

Frigjort etter flytting av konteinarhamn
Eigedomen i Skutvika blir selt «as is», som det heiter i prospektet.

Tomta slik den framstår i dag, kjem av etableringa av konteinarhamna i 1996 – som sidan er flytta til Flatholmen på nordsida av byen.

Lengst vest ligg to areal som er peika ut som naturlege områder å starte med, omtala som BKB1 og BKB2. Potensielle kjøparar kan også legge inn bod berre på desse. 

Her er det anslått at det er mogleg å bygge 11-12.000 kvadratmeter med bustader og drygt 1000 kvadratmeter næringsbygg.

Publisert: 19.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 19.03.2026 11:35

Mer om