Kort fortalt

Auka munnbind-skepsis

FHI har anslått at opp mot 80 prosent av befolkninga i Noreg vart koronasmitta i fjor.

02.01.2023

Men folk flest er ikkje veldig ivrige etter å finne fram munnbindet att.

Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom pandemien spurt nordmenn kva dei meiner om bruk av munnbind.

I desember sa 45 prosent av befolkninga at dei var positive å bruke munnbind. 29 prosent var negative, medan resten svarte verken-eller. Men i desember 2021 var heile 80 prosent av befolkninga positive til å bruke munnbind.

– For mange er munnbind ikkje brukt på lenge og noko som heller dukkar opp i gamle klede og vesker. Likevel er det framleis fleire som er positive enn negative til eit munnbind-gjensyn om situasjonen krev det, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Råda frå helsestyresmaktene er framleis å nytte munnbind i enkelte situasjonar dersom ein har nyoppstått luftvegssymptom og må ferdast ute, eller for å redusere korona og influensa ved besøk hos risikogrupper.

Publisert: 02.01.2023 07:40

Sist oppdatert: 02.01.2023 07:42

Mer om