Kort fortalt

Auka omsetning i industrien

Ferske SSB-tal.

07.02.2022

(NPK-NTB): Industriomsetninga her i landet auka med éin prosent frå tredje til fjerde kvartal i fjor, viser sesongjusterte tal.

Frå november til desember var det likevel ein nedgang på 1,6 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auken i industriomsetninga i siste kvartal i 2021 er godt hjelpt av høge prisar og god etterspurnad på heimemarknaden. Omsetninga enda på eit rekordhøgt nivå i 2021.

(©NPK)

Publisert: 07.02.2022 13:10

Sist oppdatert: 07.02.2022 13:11

Mer om