Politiet har auka beredskapen ved olje- og gassanlegg på Vestlandet etter PSTs trusselvurdering om auka risiko for russisk etterretningsverksemd.
Beredskapen er auka ved Stureterminalen og Kollsnes i Øygarden kommune, skriv Bergens Tidende/E24.
– Vi er kjende med trusselvurderinga til PST, og vi set i verk nokre tiltak knytt til den vurderinga, opplyser Morten Ørn, politiinspektør og leiar av politiet i Stor-Bergen.
Av omsyn til tryggleiken ønskjer han ikkje å gi fleire detaljar.
Equinor driv Stureterminalen og er saman med Gassco ansvarleg for terminalen på Kollsnes.
– Vi har sett i verk forsterka beredskap etter kvart som situasjonen i Ukraina har utvikla seg. Alle anlegg er omfatta av den auka beredskapen, og sikring mot datainnbrot er ein viktig del av tryggingsarbeidet, skriv kommunikasjonsdirektør Linda Nordbø i Gassco i ein e-post.
Pressetalsperson Gisle Johannessen i Equinor stadfestar at dei har auka beredskapen mot cyberangrep.
– Vi jobbar heile tida med å sikre mot moglege datainnbrot og har sett i verk tiltak og forsterka beredskap etter kvart som risikobiletet har utvikla seg. Dette blir det jobba med både lokalt og sentralt, opplyser han.
Publisert: 07.04.2022 11:41
Sist oppdatert: 07.04.2022 11:42