Kort fortalt

Auka smitte – men FHI vil lette på tiltak

27.07.2021

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Vaksinasjonen av det norske samfunnet har gjort koronaviruset langt mindre farleg. No tilrår FHI å lette på tiltaka sjølv i ei tid der smitten aukar.

Mellom anna foreslår Folkehelseinstituttet (FHI) endringar i karantenereglane for nærkontaktar.

– Utstrekt immunitet i befolkninga gjer at utbrot lettare kjem under kontroll, og at få blir alvorleg sjuke. Det er truleg mindre forholdsmessig no å halde oppe eit såpass inngripande tiltak som streng karantene for alle nærkontaktar, skriv FHI i si siste risikovurdering , som kom måndag.

Regjeringa har dei siste dagane vurdert kva som skal skje med den vidare gjenopninga av Noreg, etter at trinn fire i gjenopningsplanen vart utsett til slutten av juli/byrjinga av august. Ei avklaring kjem truleg på koronapressekonferansen til regjeringa onsdag.

– Samfunnet er allereie opna betydeleg, og det står berre att eitt trinn. Vi har gitt innspelet vårt til regjeringa, som vil ta ei avgjerd etter kvart, siger overlege Preben Aavitsland i FHI til NTB.

Smitten aukar
Førre veike varsla FHI-direktør Camilla Stoltenberg at dei rekna med at smitten ville auke framover, og denne veka ser ein tydeleg trend til det.

Dei siste tala viser 330 koronasmitta på eitt døgn i Noreg, 135 fleire enn førre veike og det høgaste smittetalet på ein enkelt dag sidan 1. juni.

I risikovurderinga som kom måndag, blir det rekna som middels sannsynleg at den aukande smitten vil halde fram gjennom dei to neste månadene, med kanskje opp mot to–tre tusen smittetilfelle i veka.

– Små konsekvensar ved smitteauke
FHI vurderer at ein slik auke vil ha liten konsekvens for befolkninga, for helsetenesta generelt og for sjukehusa spesielt. Mellom anna fordi så mange no er vaksinerte.

– Faren for overbelastning av sjukehusa i denne perioden vil sannsynlegvis vere liten, òg fordi færre av dei smitta vil bli alvorleg sjuke. Kommunane må handtere utbrot. Smittesporinga kan bli krevjande når pasientane har hatt mange nærkontaktar, men i lys av høg vaksinasjonsdekning kan smittesporings- og karanteneregimet justerast, skriv FHI i risikovurderinga.

Publisert: 27.07.2021 15:50

Sist oppdatert: 27.07.2021 15:52

Mer om