Kort fortalt
Auka støtte til vindkraft på land
Fleire er no positive enn negative.
20.09.2022
Cicero klimaforsking opplyser at ei undersøking viser at 39 prosent no seier ja til vindkraft på land, medan 34 prosent seier nei. Det skriv Teknisk Ukeblad. For eitt år sidan var det bare 33 prosent som ønska å bygge ut meir vindkraft på land.
– Det er ei signifikant endring i opinionen. Vi ser for første gang på fleire år aukande oppslutning om vindkraft, samtidig som andelen som er imot er fallande, seier forsker Marianne Aasen ved Cicero.
Den einaste aldersgruppa der det er fleire som er mot vindkraftutbygging enn for, er dei mellom 45 og 59 år. Oppslutningen om vindkraft på land er spesielt stor blant unge, dei under 30.
Publisert: 20.09.2022 06:39
Sist oppdatert: 20.09.2022 06:46