Kort fortalt

Auke i sjukmeldingar for trøyttleik og slappheit

Nav peikar på koronapandemien.

24.10.2023

(NPK-NTB): Talet på sjukmeldingar for trøyttleik og slappheit har auka kraftig sidan i fjor. Nesten 20.000 nordmenn er borte frå jobb fordi dei er trøytte og slappe.

Nav peikar på koronapandemien som ei årsak til auken.

Totalt var det 19.551 sjukmeldingar som følgje av trøyttleik og slappheit i andre kvartal i 2023.

Berre frå april til juni har 352.348 dagsverk gått tapt, anslår Nav. Det representerer ein auke på 13,3 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

– No ser vi truleg langtidsverknader av pandemien. Sjølv om det har vore ein markant nedgang i påvist korona, er det ein stor auke i diagnosar som er vanlegast for personar som først har vore sjukmelde med korona. Desse diagnosane kan ha lang varigheit, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Leiar for Koronastudien ved Oslo universitetssjukehus seier at etterverknadene av korona kan vare opptil eitt år.

– Det vanlegaste er den slappheita, men ho dabbar av hos dei fleste, og så er det kognitive problem, som det å få problem med å konsentrere seg, som er dei to vanlegaste etterverknadene av korona, seier han til P4.

(©NPK)

Publisert: 24.10.2023 10:41

Sist oppdatert: 24.10.2023 10:41

Mer om