Kort fortalt

Auke i talet på arbeidsrettssaker

Ikkje vore fleire sidan 2016.

02.06.2021

Kraftig i fjor

(NPK-NTB): Tingrettane her i landet fekk inn 1.166 arbeidsrettssaker i fjor, ein auke på 16 prosent frå året før.

Det har ikkje vore innmeldt fleire arbeidsrettssaker årleg sidan 2016, då talet var høgt i kjølvatnet av oljekrisa, skriv Finansavisen.

Advokat Annicken Iversen trur ikkje det er fleire nedbemanningar som er forklaringa.

– Inntrykket mitt, både basert på eigne saker og på det eg har følgt med på i domstolane og ulike andre kjelder, er at arbeidstakarar i dagens marknad er mindre villige til å godta ei oppseiing, seier Iversen.

Frykta for å stå utan jobb i ein periode der arbeidsløysa er høg kan altså ha medført at fleire vil protestere mot ei oppseiing.

– Dermed kan den tilsette bli mindre villig til å bli samd om forlik i ei sak, seier ho.

Samtidig kan pandemien ha medført at arbeidsgivar har vorte mindre forhandlingsvillig.

– Den økonomiske situasjonen og uvissa i samband med pandemien har nok òg medført at arbeidsgivar kan vere skeptisk, eller ikkje ha moglegheit, til å strekke seg mot kravet til arbeidstakar.

Oslo tingrett fekk flest innmelde arbeidsrettssaker i 2020, i alt 280. Størst auke var det i Kristiansand, Follo og Asker og Bærum.

(©NPK)

Publisert: 02.06.2021 09:10

Sist oppdatert: 02.06.2021 09:25

Mer om