Auker renta eitt hakk
Styringsrenta opp 0,25 prosentpoeng.
(NPK-NTB): Noregs Bank følgjer rentebanen han har signalisert og set opp styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 0,75 prosent.
Det kunngjorde sentralbanken torsdag formiddag.
Dermed vart den nye sentralbanksjefen Ida Wolden Baches første oppgåve å heve styringsrenta, som har lege på 0,5 prosent sidan rentemøtet til banken i desember i fjor. Noregs Bank hadde signalisert at den mest sannsynleg skulle vidare eit hakk opp no i mars.
Økonomane hadde i forkant av møtet spådd at Noregs Bank ville heve renta. Samtidig venta dei at dei ville signalisere forsiktig oppgang framover som følgje av uvissa rundt krigen i Ukraina og korleis han påverkar norsk økonomi. Norske hushald er i tillegg hardt ramma av høge straum- og drivstoffprisar.
Publisert: 24.03.2022 10:36
Sist oppdatert: 24.03.2022 13:02