Kort fortalt

Aure vil bli i Møre og Romsdal

Samrøystes vedtak i formannskapet.

NPK
14.10.2021

Samtlege i formannskapet til Aure kommune røysta for å bli i Møre og Romsdal.

Det skriv Tidens Krav.

I kommunedirektøren si innstilling blir det lagt vekt på folkerøystinga. Der stemte dei fleste nei til å bli ein del av Trøndelag.

– For oss var det viktig å få gjennomført ei folkerøysting. No har folket talt, det er noko vi respekterer, seier Elisabeth Jørgenvåg i Nordmørslista til Tidens Krav.

Saka er sendt vidare til kommunestyret.

Publisert: 14.10.2021 14:23

Sist oppdatert: 14.10.2021 14:24