Kort fortalt
Avblåst tilleggs-emisjon
Aksjekursen i Endúr er for låg.
06.02.2023
Etter å ha henta inn 140 millionar kroner i ei retta emisjon skulle Endúr-aksjonærane som ikkje fekk vere med på den retta emisjonen få sjansen i ein såkalla reparasjonsemisjon.
Kursen i reparasjonsemisjonen skulle vere den same som i den retta emisjonen, 27,50 kroner aksjen, og det skulle skrivast ut inntil 1.381.818 nye aksjar.
No har selskapet avlyst reparasjonsemisjonen. Grunnen er at aksjekursen i selskapet har svinga rundt og under emsjonskursen. Då er det enklare og billegare for aksjonærane å kjøpe aksjar på børsen enn å delta i ein emisjon.
Les også
Publisert: 06.02.2023 08:58
Sist oppdatert: 06.02.2023 09:12