Henta 140 millionar på få timar
Endúr med Artec Aqua som største eigarar, fekk inn ny eigenkapital.
Endúr lukkast med å henta inn 140 millionar kroner i ny eigenkapital i ein emisjon onsdag. Det opplyste selskapet i ei børsmelding natt til torsdag.
Emisjonen blei gjort til ein kurs på 27,5 kroner per aksje. Sluttkursen for aksjen på Oslo børs onsdag var på 32 kroner.
Selskapet vurderer også ein tilleggsemisjon, ifølgje ei børsmelding.
Les også
Kapitalutvidinga i industriselskapet skulle gjerast som ein retta emisjon, der mellom andre Artec Holding vart med på kapitalutvidinga.
Poenget med kapitalutvidinga var mellom anna å auke eigenkapitalen i Endúr i samband med refinansiering av eit obligasjonlån på 810 millionar kroner. Som ein del av refinansieringa har Endúr fått tilsagn om 700 millionar kroner i banklån.
Ålesund-baserte Artec Holding er største eigar i Endúr, med 27,84 prosent eigarandel.
Artec Holding eigde tidlegare ingeniør- og prosjekteringselskapet Arctec Aqua i Ålesund, og vart medeigar i Endúr som ein del av transaksjonen då Endúr kjøpte Artec Aqua.
Publisert: 12.01.2023 01:18
Sist oppdatert: 12.01.2023 01:23