Fram mot sommaren ventar Avinor ei dobling i talet på reisande når det gjeld innanlandsreiser. Men ein vekst i utanlandsreiser vil truleg la vente på seg.
Sommaren i fjor var prega av noregsferie, medan denne sommaren i stor grad ser ut til å bli prega av det same.
I år reknar Avinor med ein nedgang på 60 prosent samanlikna med normalåret 2019, skriv E24. Likevel ser ein lys i enden av tunnelen.
– Pilene peikar oppover no, men spørsmålet er kor bratt, seier lufthamndirektør Helge Eidsnes.
Per no er utanlandstrafikken berre 3 prosent av det han var i 2019. Det vil framleis ta noko tid før utanlandstrafikken tek seg merkbart opp, meiner konsernsjef Abraham Foss i Avinor.
– Eg trur at reisetala vil liggje høgare i haustferien enn i sommarferien i år, seier Foss.
Han seier at dei trur mange nordmenn lengtar etter å setje seg på eit fly for å reise vekk, men at ein er avhengig av situasjonen både i Noreg og i andre land. Først i 2022 ventar dei at reiseverksemda losnar skikkeleg.
(©NPK)
Publisert: 31.05.2021 11:32
Sist oppdatert: 31.05.2021 11:33