Kort fortalt

Avisopplaget fell første gong sidan 2016

Ferske tal frå

09.03.2023

(NPK-NTB): Avisopplaget fell for første gong sidan 2016, viser tal frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Totalopplaget for norske aviser går tilbake med 0,5 prosent frå andre halvår 2021 til andre halvår 2022, viser ferske opplagstal.

– Det gir ei negativ opplagsutvikling for første gong sidan 2016, skriv administrerande direktør Randi Øgrey i MBL.

Digitalveksten for dei nasjonale avisene VG, Aftenposten, Dagbladet og Nettavisen minkar og er no på totalt 2,8 prosent, men for dei mindre titlane er digitalveksten framleis stor. Det heildigitale opplaget for lokalaviser har auka med 17,8 prosent.

Totalopplaget for papirmagasin og vekeblad er no på 958.000. Det er ein tilbakegang på 10,2 prosent. Det vart selt 30 millionar blad i 2022, mot 33 millionar året før. Tilbakegangen kjem av den digitale veksten.

– Magasinformatet byrjar å styrkje posisjonen sin digitalt, og lesartala som vart publiserte for tre veker sidan, viste sterk digital vekst for nettmagasina, seier Øgrey.

Hjemmet, Se og Hør og Familien er Noregs største magasin.

Publisert: 09.03.2023 13:21

Sist oppdatert: 09.03.2023 13:23

Mer om