Avtale om autonome skip
Noreg med i internasjonalt samarbeid.
NPK-NTB: Noreg har signert ein ny avtale som legg til rette for betre internasjonalt samarbeid om drift av autonome skip, altså ubemanna eller sjølvkøyrande skip.
Noreg har signert avtalen med Storbritannia, Belgia, Danmark og Nederland. Landa forpliktar seg mellom anna til å utveksle kunnskap og informasjon om nasjonale aktivitetar.
Formålet med avtalen er å forenkle drifta av autonome skip i Nordsjøen og sikre at ho kan operere trygt innanfor dei nasjonale kravet og rammene i dei enkelte landa, opplyser regjeringa på nettsidene sine.
– Norsk maritim næring ligg langt framme i utvikling av autonome løysingar. Samarbeidet vil skape ein arena for å vidareutvikle effektive og sikre løysingar for autonom drift og kan spele ei viktig rolle for dei maritime bedriftene våre i åra framover, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).
Maritim næring er alle verksemder som eig, opererer, designar, byggjer eller leverer utstyr eller spesialiserte tenester til alle typar skip og flytande einingar.
Publisert: 10.05.2024 08:05
Sist oppdatert: 10.05.2024 08:05