Kort fortalt

Avtale om CO2-kompensasjonsordning for industrien

15.03.2024

(NPK-NTB): Regjeringa og industrien er samde om kompensasjonsordninga for CO2-utslepp ut 2030.

– Eg er svært glad for at vi i dag har vorte samde om ei ordning som gjer at vi får kontroll på kostnadene og gjer ho føreseieleg for både staten og industrien, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.

Det er regjeringa, LO, NHO, Fellesforbundet, Norsk Industri og IE & FLT som har vorte samde. Støttegodkjende verksemder skal få 500 millionar kroner ekstra.

40 prosent av kompensasjonen som bedriftene får, skal gå til klimatiltak eller energieffektivisering.

– Ordninga skal kompensere for at EUs klimakvotesystem slår ut i auka kraftprisar i Noreg. Formålet med ordninga er å motverke karbonlekkasje, som vil seie at kraftkrevjande industri i Noreg flyttar produksjonen til land utanfor Europa som ikkje har like streng klimapolitikk, skriv regjeringa.

Publisert: 15.03.2024 09:22

Sist oppdatert: 15.03.2024 09:22

Mer om