Oslo børs
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,58 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Børsdagen: Spennande signal

Dagens meste spennande næringslivnytt for Nordvestlandet kom frå eit ikkje-børsnotert selskap og eit anonymt europeisk reiarlag.

21.03.2024

Rem Offshore-sjefen fortel at selskapet har så stor tru på framtida at selskapet bestiller eit nytt offshoreskip - utan å ha ein lang og sikker kontrakt for skipet først.

Dersom Rem Offshore sine forventningar slår til kan vi truleg vente at fleire reiarlag vil følgje etter, og ikkje minst at lønsemda til offshorereiarane vil stige framover.

Også skipsdesignselskapet Salt Ship Design melder om nye offshoreskip i dag. Ein ikkje namngitt europiske reiar har bestilt to konstruksjonsskip ved eit kinesisk verft. Begge blir bygd for å kunne bruke alternativt drivstoff (til diesel, red merk) i kombinasjon med batteripakkar.

I dag vart Norva 24 børsvinnar på Nordvestlandet med ein kursoppgang på 2,63 prosent. Offshorereiarlaga Havila Shipping og Golden Energy Offshore steig høvesvis 2,15 og 0,13 prosent.

Taparen blei Arctic Bioscience, med eit fall på 4,48 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Norva 24 Group* 25,40 2,63 %
Havila Shipping 3,80 2,15 %
Hexagon Purus 5,77 1,94 %
Atlantic Sapphire 0,90 1,82 %
Endúr 42,70 0,47 %
Golden Energy Offshore Services 1,60 0,13 %
Hexagon Composites 18,44 0,05 %
Havila Kystruten 0,69 -0,86 %
Sparebanken Møre 90,56 -0,92 %
Hav Group 9,50 -1,04 %
Hofseth Biocare 2,17 -1,36 %
Salmon Evolution 6,26 -2,19 %
Romsdal Sparebank 112,00 -4,20 %
Arctic Bioscience 9,60 -4,48 %
* Kurs i SEK

Publisert: 21.03.2024 17:38

Sist oppdatert: 21.03.2024 23:09