Rem illustrasjon bygg Myklebust
OPPDRAG: Myklebust Verft skal levere det nye offshorefartøyet til Rem Offshore i andre halvår 2026. Illustrasjon: Rem Offshore/Myklebust Verft/Skipsteknisk.
Nytt

Rem Offshore byggjer hos Myklebust

Nytt fartøy skal arbeid både i vindkraft- og oljebransjen. Kan bli eitt fartøy til.

21.03.2024

Etter fleire tøffe år for offshorereiarane vel Rem Offshore å byggje utan å ha klart eit oppdrag for det nye fartøyet før byggekontrakten blei signert.

- Båten har vi bevisst halde utan oppdrag og halde den tilgjengeleg for ein marknad som er i vekst, seier dagleg leiar Lars Conradi Andersen til NettNo.

Båten blir bygd for oppdrag både for vindkraft- og oljebransjen, og Conradi Andersen er optimistisk til utviklinga i begge marknadane.

- Tidene er i ferd med å bli betre, seier han.

Nye Rem Offshorebåt personar
AVTALE: Styreleiar og medeigar Åge Remøy i Rem Offshore, Myklebust Verft-sjef Leiv Sindre Muren, dagleg leiar Lars Conradi Andersen i Rem Offshore og salssjef Roger P. Hauge i Myklebust Verft. Foto: Rem Offshore/Myklebust Verft

Nullutslepp
Verft og reiarlag går ikkje ut med pris og lengde på skipet.

Ifølgje pressemeldinga får skipet eit arbeidsdekk på 1400 kvadratmeter og blir utstyrt med ei kran som kan løfte 250 tonn. Det skal leverast i andre halvår 2026.

Fartøyer er teikna av Skipsteknisk i Ålesund. Fleire nye løysingar, mellom anna motorar som kan gå både på diesel og metanol i kombinasjon med batteripakkar, gjer at det nesten halverer drivstoff-forbruket samanlikna med liknande eksisterande skip.

Ved å bruke såkalla grøn metanol som er produsert med fornybar energi, vil skipet innfri krav om nullutslepp av CO2 om kunder ønskjer det, eller om nullutslepp blir eit krav frå styresmakten i framtida.

- Dette er ein merkedag for Rem Offshore. Vi bestiller vårt første netto nullutslippsfartøy og tek eit stort steg inn i framtida. Vi gler oss til å kunne tilby skipet i marknaden, og er trygge på at våre kundar vil sette stor pris at det blir råd å drive mei effektive og bærekraftige operasjonar, sier dagleg leiar Lars Conradi Andersen i Rem Offshore i ei pressemelding.

- Dette oppdraget er ei anerkjenning til alle våre tilsette og den kvaliteten som Myklebust står for. Prosjektet vil i tillegg gi store positive ringverknadar i vårt område, seier dagleg leiar Leiv Sindre Muren Myklebust Verft i presseneldinga.

Skip nummer 20
Frå før har Rem Offshore ein flåte på 19 fartøy, og 700 tilsette.

Reiarlaget har også sikre seg ein opsjon på å byggje eitt fartøy til hos Myklebust Verft. Kor lenge den opsjonen gjeld er ikkje opplyst.

Publisert: 21.03.2024 12:00

Sist oppdatert: 21.03.2024 10:54

Mer om