NPK-NTB-DPA: Restar av ballongar er den farlegaste typen plastavfall for sjøfugl som trur plasten er mat, ifølgje forskarar i Australia.
Forskarane har sett på dødsårsaka til over 1.700 sjøfugl som høyrde til 51 ulike artar.
Ein tredel av dei døde fuglane hadde ete plast eller anna søppel. Ein av konklusjonane til forskarane er at mjuk plast er farlegare for fuglane enn hardplast.
– Ballongar eller ballongrestar var det marine søppelet som hadde størst sannsyn for å forårsake død, seier Lauren Roman, hovudforfattaren bak den nye
– Det verker som bitar av hardplast passerer raskare gjennom fordøyingssystemet. Mjuk plast har større sannsyn for å bli komprimert og forårsake dødelege blokkeringar, seier Roman.
Han understrekar samtidig at begge typane søppel er farlege for fuglar.
Over 6 millionar tonn søppel blir anslått å hamne i havet i verda kvart år. 80 prosent av dette blir anteke å vere plast.

Publisert: 01.03.2019 15:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35