Kort fortalt
Bank trur på sju rentekutt
Spådom frå Danske Bank.
07.12.2023
(NPK-NTB): Renta i Noreg skal kuttast sju gonger dei neste to åra, spår Danske Bank.
Renta har stige til vêrs på grunn av prisveksten. Styringsrenta til Noregs Bank er no på 4,25 prosent.
Danske Bank trur han skal ned til 2,25 prosent i 2025, skriv Dagens Næringsliv.
– Det er berre ei svak krone som representerer oppsiderisiko for Noregs Banks rentebane i desember. Lønnsvekst, oljepris, globale renter og innanlands etterspurnad dreg alle i motsett retning. Nedgåande inflasjon og vekst både heime og internasjonalt tyder på at rentenivået må komme ned før eller sidan, skriv sjeføkonom Frank Jullum i ein rapport.
(©NPK)
Publisert: 07.12.2023 09:44
Sist oppdatert: 07.12.2023 09:44