Kort fortalt

Bankar risikerer bøter for rentepraksis på depositum

Forbrukartilsynet varslar kontroller.

10.02.2026

(NPK-NTB): Bankane har i ei årrekkje hatt ulovleg låg innskotsrente på depositum, konkluderer Forbrukartilsynet. No blir bankar som gjer dette, trua med bøter.

Ifølgje Dagens Næringsliv kan avgjerda påverka nær sagt heile banknæringa – og éin million leigetakarar.

Forbrukartilsynet har sendt brev til alle bankar i Noreg som tilbyr depositumskonto. Der blir bankane trua med bøter.

For å følgje lova framover må bankane som eit minimum gi leigetakarar den same renta som bankane tilbyr kundane på sin vanlegaste sparekonto, heiter det i vurderinga. I dag er rentenivået på depositum ikkje i nærleiken av å vere på det nivået. I praksis instruerer tilsynet altså bankane til store rentehevingar, skriv DN.

Underdirektør Tonje H. Drevland i Forbrukartilsynet varslar at dei kan følgje opp med kontrollar.

– Om me ved ein seinare kontroll finn lovbrot, kan me gjere vedtak om at bankane må følgje lova (forbods- eller påbodsvedtak). Lovbrot kan også få økonomiske konsekvensar i form av tvangsmulkt eller straffegebyr, seier Drevland.

Kommunikasjonsdirektør Tom Staavi i Finans Norge opplyser at dei vil vurdere brevet i samråd med medlemmene sine. Anne-Rita Andal i Leieboerforeningen reknar på si side med at bankane tek umiddelbare grep.

(©NPK)

Publisert: 10.02.2026 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2026 15:33

Mer om