Kort fortalt

Bankid på mobil forsvinn

18.07.2022
(NPK-NTB): Digital betaling ved hjelp av BankID på mobil blir fasa ut til fordel for ny app. Utfasinga startar i september.

Det opplyser Jan Bjerved, som er leiar for Bankid.

Han seier at årsaka til at mobilmetoden blir bytt ut, er fordi BankID på app vil gjere det lettare å bruke og meir tilgjengeleg for fleire. I tillegg skal det spare brukarane for tid.

Bankid er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nettet, altså eit slags digitalt pass for å stadfeste kven du er.

Avgrensingar
Bjerved påpeikar at det er avgrensa kva BankID på mobil kan brukast til, mellom anna når det gjeld signering av dokument.

– Bankid på app støttar fleire brukstilfelle enn BankID på mobil. Tenesta har heller ingen kostnader for brukarane og krev berre datatrafikk for å fungere. Dette gjer også tenesta meir stabil og påliteleg for brukarane, seier han.

Å bruke vanleg BankID med kodebrikke eller app kostar ingenting. Nokre teleoperatørar tek betalt for BankID på mobil fordi denne tenesta er knytt til sim-kortet på mobilen.

Utfasing frå hausten av
Utfasinga startar i haust mellom september og november. Første steg er å stanse alle nye aktiveringar av BankID på mobil.

Bjerved tilrår derfor å laste ned appen så snart du får beskjed frå banken din om at det nærmar seg, for ein smidig overgang.

– BankID på mobil vil framleis fungere for dei som har tenesta aktivert, seier han.

– Men sidan tenesta er knytt til mobilens sim-kort, vil dei som mistar mobilen, byter mobiloperatør eller får nytt sim-kort etter at det er stoppa for nye aktiveringar, også missa tilgangen til Bankid på mobil. Då må dei heller velje app eller kodebrikke som alternativ, seier han vidare.

Tilråding: Hugs passord
Bjerved seier at det kan oppstå problem med å aktivere appen fordi då krevst det at ein har eit aktivt BankID-sertifikat frå banken. Det er ikkje det same som Bankid på mobil, understrekar han.

– Trufaste BankID på mobil-brukarar kan oppleve at deira BankID-sertifikat er gått ut viss dei ikkje har brukt kodebrikka på lang tid, og at dei ikkje får aktivert Bankid-appen. Vi vil derfor oppmode folk til å sjekke om dei har eit aktivt Bankid-sertifikat før dei lastar ned Bankid-appen, seier Bjerved.

Dette kan sjekkast via Min Side på Bankid.no, som gir ei oversikt over kva BankID-sertifikat som er aktive. Dersom ein ikkje har eit aktiv BankID-sertifikat, må det bestillast gjennom banken ein bruker – gjerne i god tid på grunn av leveringstida, seier Bjerved.

App-brukarane må også hugse Bankid-passordet sitt når dei skal logge inn og signere i appen. Dei som ikkje hugsar passordet sitt, kan bestille nytt i banken.

Ansiktsgjenkjenning
Til hausten blir oppdatert Bankid-appen med biometri, altså kan brukarane bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller pinkode i Bankid-appen.

– Der dagens løysing tek omtrent 30 sekund, vil innlogginga med Bankid-appen ta under 10 sekund når vi lanserer biometri, seier Bjerved.

– Denne innlogginga vil folk bruke i fleire og fleire situasjonar. Viss du skal signere avtalar som krev ekstra tryggleik, må du framleis bruke personleg passord, seier han vidare.

Nærare hundre bankar i Noreg tilbyr Bankid-appen, medan nokon bankar har sin eigen kodeapp for Bankid. Du vil få informasjon frå banken din om kva app du skal nytte.

(©NPK)

Publisert: 18.07.2022 08:50

Sist oppdatert: 18.07.2022 08:52

Mer om