Kort fortalt

Barentshavet kan skjule enorme oljemengder

Snakk om milliardar av fat.

12.10.2016
(NPK-NTB): Det er særleg knytt stor spenning til grenseområdet mot Russland
– Dersom alle prognosar slår til og alle usikkerheitsfaktorar slår ut positivt så snakkar vi om milliardar av fat, fortel Kristian Kråkenes til .
Han er leitesjef i Kufpec, som er den internasjonale verksemda til Kuwaits statlege oljeselskap Kuwait Petroleum Corporation, KPC.
Noregs hittil største felt, Statfjord, har produsert fem milliardar fat olje sidan oppstarten på slutten av 1970-talet. Det er teknologien bak dei nyaste seismiske undersøkingane som er forklaringa på oljehåpet.
– Tidlegare har ein stort sett hatt eit todimensjonalt bilde skapt av linjer på kryss og tvers. No har vi derimot 3D-data som gjer at vi får eit betydeleg betre bilde, forklarer han.
– Vi ser fleire område som ligg rimeleg grunt, som er store i utstrekning og som kan innehalde reservoar. Dette gjeld blant anna området mot den norsk-russiske delelinja søraust i Barentshavet, seier Kråkenes.
Statoils leitesjef Jez Averty, seier eit stort funn i nord naturlegvis vil vere viktig for Statoil.
– Men Barentshavet er endå viktigare for Noreg som nasjon, fordi her ligg det største potensial for eit framtidig funn av store volum, seier Avery. (©NPK)

Publisert: 12.10.2016 08:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44