Kort fortalt
Batteripakke til Volstad Maritime
Hav Group-selskap med Volstad Maritime-kontrakt.
14.12.2022
Norwegian Electric Systems (NES) skal levere batteripakke og kontrollsystem for batterilading til Volstad Maritime sitt offshore konstruksjonsfartøy Grand Canyon II. Arbeidet skal gjerast i samband med oppgradering av Grand Canyon II i 2023.
NES er eit datterselskap i Hav Group.
For ein månad sidan fekk NES eit tilsvarande oppdrag for Grand Canyon III.
Storleiken på kontraktane er ikkje opplyst.
Batteripakken om bord «Grand Canyon II» skal installerast i ein kontainer under dekk.
Publisert: 14.12.2022 08:11
Sist oppdatert: 14.12.2022 08:24