Kort fortalt

Bedrifter kan utsette skatten

Koronatiltak frå regjeringa.

12.01.2022

(NPK-NTB): Regjeringa vil foreslå å la bedrifter få søkje om å utsetje innbetaling av skattar og avgifter – og vil setje ned renta for bedriftene som søkjer.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier til VG at regjeringa fredag vil leggje fram eit forslag om at kriseramma bedrifter kan søkje om utsetjing av skattar og avgifter på krav med forfall mellom 1. januar og 31. mars i år.

– Det å få utsetjing på skattar, avgifter og moms kan hjelpe fleire til å få ting til å gå rundt, slik at kontoen ikkje går heilt tom, seier Vedum.

Regjeringa vil òg setje ned renta ein betaler på utsette skattekrav i denne perioden frå åtte til seks prosent.

(©NPK)

Publisert: 12.01.2022 08:13

Sist oppdatert: 12.01.2022 08:14

Mer om