Kort fortalt

Bedrifter slit under pandemien

1 av 5 småbedrifter fryktar pandemikonkurs

24.11.2021

20 prosent av småbedriftene seier det framleis er fare for konkurs eller avvikling i kjølvatnet av pandemien, ifølgje ei ny undersøking.

Tala kjem fram i ei undersøking blant SMB Norges medlemsbedrifter.

SMB Norge, som er ein interesseorganisasjon for små og mellomstore bedrifter, skriv i ei pressemelding at sjølv om arbeidsløysa fell og pilene tilsynelatande peikar oppover i norsk økonomi, ser røyndommen annleis ut for mange av dei små og mellomstore bedriftene i landet.

Kvar femte bedrift svarer at faren for konkurs eller avvikling framleis er til stades. Undersøkinga viser òg at 55 prosent, vurderer den økonomiske situasjonen som framleis svak (24 prosent) eller brukbar (31 prosent).

– Det er altfor tidleg å friskmelde kvardagsnæringslivet og det er direkte misvisande å hevde at krisa allereie er over, seier konstituert administrerande direktør i SMB Norge, Kristin Hofstad.

Publisert: 24.11.2021 10:29

Sist oppdatert: 24.11.2021 10:30

Mer om