Kort fortalt

Bedriftsleiar må betale erstatning

Må betale 1,3 millionar til skatteetaten.

21.10.2021
Møre og Romsdal tingrett har dømt ein bedriftsleiar til å betale ei erstatning på drygt 1,3 millionar og ei bot på 30.000 kroner, ifølgje Sunnmørsposten.

Mannen var dagleg leier og eineeigar i eit selskap på søre Sunnmøre som fekk økonomiske problem for nokre år sidan. Over ei periode på kring eit halvår, let mannen vere å betale forskotsskatt på meir enn éin million kroner.

Det er han no dømt for, men retten finn også fleire formidlande moment. Mellom anna er det gått fem år sidan forholdet skjedde

Publisert: 21.10.2021 14:34

Sist oppdatert: 21.10.2021 14:35

Mer om