Kort fortalt

Behov for å betre transporttryggleiken ved havbruk

Undersøking etter dødsulukke.

13.04.2021

(NPK-NTB): Ei undersøking av ei båtulykke ved eit oppdrettsanlegg i Nordland i 2019 viser eit behov for å betre tryggleiken for persontransport til sjøs, ifølgje rapport.

Fredag 29. november 2019 kantra ein arbeidsbåt med to røktarar om bord på veg heim frå eit oppdrettsanlegg i Lurøy i Nordland.

Den eine personen vart etter nokre timar henta opp frå vatnet, men den andre vart aldri funnen trass omfattande søk.

Undersøkinga av ulykka har vist at det er behov for å betre tryggleiken for persontransport innan havbruksnæringa, lyder konklusjonen frå Statens havarikommisjon, som no er ferdig med undersøkingane sine.

– Havbruksnæringa er venta å vekse, og fleire av oppdrettsanlegga vil vere lengre til havs. Dette aukar behovet for transport av personar i meir krevjande farvatn, heiter det.

Rapporten frå havarikommisjonen tilrår mellom anna at det blir sett i verk tiltak som aukar medvitet både hos bedrifter og tilsette i næringa om vêravgrensingane til arbeidsbåtar.

(©NPK)

Publisert: 13.04.2021 07:58

Sist oppdatert: 13.04.2021 08:02

Mer om