Kort fortalt

Bekymra sparebankar

Sparebankar meiner finansskatt skader distrikta.

14.09.2016
(NPK-NTB): 15 sparebankar har sendt bekymringsmelding til finanspolitikarar på Stortinget om at den planlagde finansskatten favoriserer dei store bankane og premierer outsourcing.
– Vi har vore opptekne av å byggje sterke kompetansemiljø til dømes rundt IT regionalt, i motsetning til andre som outsourcar til India. Dette er ei premiering til dei som har gjort det, og ei straff til dei som har vore opptekne av å byggje opp kompetansearbeidsplassar i nærmiljøet, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest til Nationen.
Regjeringa sine planar om å skattleggje finansnæringa med 3,5 milliardar kroner neste år, er grunnen til at han sende bekymringsmeldinga til politikarane i finanskomiteen. Den nye skattlegginga av finansnæringa var eit viktig element i skatteforliket som blei vedteke på Stortinget tidlegare i år.
Leiar i finanskomiteen Hans Olav Syversen (KrF) seier at han forstår bekymringa.
– Vi må sjå på utforminga og korleis det vil slå ut i Bank-Noreg. Viss ein legg alt på dei tilsette, vil det vere ein disfavør av dei som vel å ha mange tilsette her i Noreg, seier Syversen.
Alle partia i finanskomiteen med unntak av SV og MDG blei einige om forliket om bedriftsskattlegging i byrjinga av mai. Venstre tok eit klart atterhald om korleis skatten skulle innførast. (©NPK)

Publisert: 14.09.2016 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44