Kort fortalt

Bensin under 20 kroner

Drivstoffprisane har falle over sju kroner sidan før sommaren.

09.08.2022

NPK-NTB: Prisen for ein liter bensin er fleire stader i landet under 20 kroner. Dermed har bensinprisen falle med over sju kroner literen sidan før sommaren.

Måndag ettermiddag er drivstoffprisane fleire stader i landet igjen under 20 kroner per liter, skriv Nettavisen.

Samanlikna med dei rekordhøge nivåa før sommaren er det ein nedgang på meir enn sju kroner literen.

Men drivstoffprisen er likevel mykje høgare enn på same tid i fjor. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) kosta ein liter bensin for eitt år sidan 17,15 kroner og diesel 15,76 kroner per liter.

Prisnedgangen kan mellom anna sjåast i samanheng med at innkjøpsprisen på drivstoff og oljeprisen i august har lege under dei nivåa vi har sett tidlegare i år.

Også kronekurs, moms, CO2-avgifter og lokal konkurranse er med på å påverke prisen.

Publisert: 09.08.2022 11:25

Sist oppdatert: 09.08.2022 11:27