Kort fortalt

Ber om gratis buss i Ålesund

Prøveprosjekt i to månader.

Marius Rosbach
04.05.2022

Samferdselsutvalet vil ha gratis buss i to månader i Ålesundsområdet i samband med innføring av bypakke og bompengar.

Målet er å få fleire til å køyre kollektivt, ifølgje innstillinga frå møtet tysdag. Saka skal vidare til fylkesutvalet og fylkestinget for endeleg avgjerd.

Fleirtalet på åtte i utvalet ville ha gratis buss i to månader. Mindretalet på fem ville ha 50 prosent rabatt i tre månadar.

Kostnaden på inntil ti millionar kroner skal dekkast av driftsfondet, meiner samferdselsutvalet.

Utvalet vedtok også at ei liknande kampanje kan vurderast i samband med bypakke Kristiansund og eventuelt ei kampanje i Molde., ifølgje ei melding frå fylkeskommunen.

Publisert: 04.05.2022 09:44

Sist oppdatert: 04.05.2022 09:47

Mer om