Buss Ålesund Aamot
ÅLESUND: Gjennom ei rekke tiltak, er målet at det skal vere raskare å ta buss enn bil i Ålesund. Foto: Terje Aamodt
Nytt

Vil ha fleire til å ta bussen

Vil sikre at det vert kortare reisetid enn om ein brukar bil.

27.01.2022

Eit forenkla rutetilbod, forbetra infrastruktur og tydeleg kommunikasjon til innbyggarane skal gjere at bybussen i Ålesund får fortrinn, og fleire vel å ta bussen framfor å køyre sjølv.

Det er essensen i dokumentet «Plan for utvikling av busstilbodet i Ålesund byområde fram mot 2030», som er utforma i fellesskap av Statens vegvesen, Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Planen skal behandlast av samferdselsutvalet onsdag 2. februar, og fylkeskommunedirektøren innstiller på at dokumentet blir lagt til grunn for vidare arbeid med Bypakke Ålesund.

Dette opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Raskare enn bilen
Det blir vist til at dei tre partane har sett på tiltak både på kort og lang sikt, og laga ein gjennomføringsplan i prioritert rekkefølge for å nå dei vedtekne måla for kollektivtrafikken i Ålesund, som er:

  • Høgare kollektivandel
  • Kortare framføringstid for kollektivtrafikken
  • Kortare reisetid kollektiv samanlikna med bil, jamfør med situasjonen i dag

Fylkeskommunedirektøren trekker fram samarbeid mellom partane som ein viktig suksessfaktor for å nå måla: «Eit godt samarbeid med Statens vegvesen og Ålesund kommune er avgjerande for eit godt resultat. Ikkje minst er Ålesund kommune sine bidrag gjennom arbeid med arealplanlegging, reguleringsplanar, gatebruksplan og parkeringsstrategi særleg viktig for å støtte opp om kollektivtilbodet og dei målsettingane som er sett om transportmiddelfordeling og reduserte utslepp frå vegtransporten», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

I planen blir det lagt fram forslag til forenkling av rutetilbodet, og ein tilrår eit høgfrekvent rutetilbod på stamlinjer. Stamlinjene bør ha fast frekvens og lang opningstid.

30 tiltak
I pressemeldinga blir det vist til at lokallinjene er supplement til stamlinjene, og bidrar til auka flatedekning. I hovudsak er dette tilbod til/frå knutepunkt. Det er eit mål at rutene har fast og føreseieleg frekvens tilpassa behovet til dei reisande. Lokallinjene har avgrensa opningstid.

I arbeidet med infrastrukturtiltaka har ein identifisert meir enn 30 tiltak som kan redusere køyretida for buss, bidra til meir effektiv og føreseieleg bussdrift, gi et meir synleg tilbod, betre omdøme og betre tilgjengelegheit og trafikktryggleik.

I arbeidet med rutetilbodet er det peika på endringar med forenkling av trasear og etablering av tydelege endepunkt. Etablering av nye stoppestader og snuplassar er viktig for å sette slike tiltak ut i livet. Andre tiltak har som hovudmål å hjelpe bussen fram gjennom færre omvegar og mindre tid i kø.

Linjekart og merking
Dette er kommunikasjonstiltak som er høgt prioritert for Ålesund:

  • Ny, enklare nummerering av busslinjene – med få stamlinjer (1-2) og lokallinjer (f.eks. 10-18)
  • Utarbeiding av linjekart for Ålesund i tråd med ny linjestruktur
  • Merking av alle haldeplassar på stamlinjene med kva linje som går der, linjekart og informasjon om rutetider
  • Kartlegge og om mogleg få sanntidsinformasjon på dei største haldeplassane på stamlinjene.

Publisert: 27.01.2022 16:20

Sist oppdatert: 27.01.2022 16:28

Mer om