Kort fortalt

Ber om ja til milliardplan for Ålesund sjukehus

29.02.2024

Direktøren i Helse Møre og Romsdal ber styret seie ja til heilt nye planar for utbygging av Ålesund sjukehus som er kostnadsrekna til ein milliard kroner, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Planen er å føre opp eit nybygg vest for dagens sjukehus, som skal romme akutt-, intensiv- og operasjonsavdeling.

I utgangspunktet var det meininga at utbygginga skulle skje på austsida, inntil hovudblokka, men desse planane blei vanskeleg å realisere, ifølgje kanalen.

Publisert: 29.02.2024 10:35

Sist oppdatert: 29.02.2024 10:35

Mer om