Kort fortalt

Ber om makspris på straum

Fleire bransjeaktørar vil ha tak på straumprisen.

06.12.2021

Fleire aktørar i straumbransjen meiner regjeringa bør innføre makspris på straum, der «overprisen» blir betalt direkte eller som minstefrådrag i skattesystemet.

Forslaget fremjar dei via Samfunnsbedriftene Energi, som er arbeidsgivar og interesseorganisasjon for over 160 selskap i den nasjonale straumkjeda. Halvparten av medlemmene er nettselskapet i landet.

– Det demokratiske systemet vårt føreset at folket har tillit til styresmaktene. Dagens høge og ustabile straumprisar undergrev tilliten til heile energisystemet vårt og skaper uvisse og angst hos mange, seier direktør Cecilie Bjelland i Samfunnsbedriftene Energi til TV 2.

På vegner av medlemmene har ho skrive eit brev til olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap). Konkret foreslår dei at det norske folket blir garantert ein makspris på eit normalforbruk, eksempelvis 5.000 kilowattimar til maks 100 øre kilowattimen per person i ein husstand.

«Overpris» utover den garanterte maksprisen på basisforbruk, meiner dei bør utbetalast til innbyggjarane. Bjelland seier redusert meirverdiavgift og kontantutbetalingar til husstandar er gode kortsiktige tiltak, men meiner det trengst noko litt meir varig.

– Men vi må tenkje i eit lenger perspektiv. Slike straumtoppar vil komme igjen, og då må vi ha eit robust system som handterer dette, seier Bjelland.

Departementet opplyser til TV 2 at dei vil sjå på brevet og komme tilbake med eit svar seinare.

Publisert: 06.12.2021 15:13

Sist oppdatert: 06.12.2021 15:14

Mer om