Ber om startløyving til ny strynefjellstunnell
Nordfjordrådet med oppmoding til Stortinget.
(NPK): Nordfjordrådet har sendt ei oppmoding til Stortinget om startløyving til ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellsvegen i første del av komande Nasjonal Transportplan, skriv Fjordingen.
Ein ny tunnel over Strynefjellet vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest.
I ei høyringsfråsegn frå Nordfjordrådet til transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget ber ein om å leggje inn oppstart av skredsikrings-/tunnelsikringsprosjektet på rv. 15 på Strynefjellet i samband med at Stortinget no skal vedta Nasjonal Transportplan 2022–2033.
– Eit samla Nordfjord er svært overraska og skuffa over at ikkje utskifting av dei gamle tunnelane på rv. 15 Strynefjellet med ny tunnel etter konsept B1, som tidlegare vedteke av Statens vegvesen og Samferdsledepartementet, ligg inne i framlegget til ny Nasjonal Transportplan, seier leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding omtalt i avisa.
– Næringslivet i 15 kommunar i Vestland og Møre og Romsdal med ei samla årleg verdiskaping på cirka 70 milliardar kroner, har rv15 Strynefjellet som si hovudtransportåre mellom aust og vest. I tillegg er rv. 15 hovudåra for kollektivtrafikken frå Nordfjord til både Austlandet og Trøndelag, og svært viktig for reiselivet. Rv 15 som bindeledd mellom transport på sjø og jernbane vil bli endå viktigare i framtida etter opninga av Stad Skipstunnel i 2025, seier Nordfjordråds-leiar Alfred Bjørlo.
(©NPK)
Publisert: 07.04.2021 14:26
Sist oppdatert: 07.04.2021 14:28