Rolf olav tenden strynefjellet tunnel 11
STRYNEFJELL: Rolf Olav Tenden i transportselskapet Tenden i Stryn, har ikkje gitt opp håpet om at ny Strynefjellstunnel er med i komande transportplan. Foto: Privat/Wikimedia Commons
Nytt

Fryktar storulykke i Strynefjellstunnelane

Rolf Olav Tenden meiner det er livsfarleg når to ukjende sjåførar møtast i dei trange tunnelane.

Marius Rosbach
17.02.2021

(NETT.NO-NPK): Når to vogntog møtast i tunnelane på Strynefjellet, er det så trongt om plassen at sjåførar fryktar at det kan gå gale. No håpar dei ny tunnel ligg inne i Nasjonal transportplan.

– Dei sjåførane som ikkje har vore her før, tar kanskje ikkje omsyn. Kjem dei fort og dei ikkje klarer å stoppe, så smell det. Då får eg håpe at det smell i taket og ikkje inn i min bil, seier sjåfør Kurt Isene til NRK.

Tenden: – Livsfarleg
For vogntog som skal frå Nordfjord og Søre Sunnmøre til Austlandet, er kortaste vegen å køyre om Strynefjellet. Men gjennom tunnelane er det både trongt og lågt under taket. Når Kurt Isene skal gjennom tunnelen, køyrer han midt i, for å ikkje få skade på bilen.

Når to vogntog møtast, må sjåførane svinge heilt inn til tunnelveggen, vippe inn sidespegelet og lirke bilane forbi. Sjåførane fryktar kva som kan skje dersom det kjem ein sjåfør som ikkje kjenner tunnelen.

– Er det to ukjende så er det livsfarleg, seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar i transportselskapet Tenden AS, til NRK, og legg til at ein kan ikkje vente på ny tunnel lengre.

Under Samferdselskonferansen i Loen i haust fortalde Tenden om dei negative konsekvensane næringslivet opplever med smale og utdaterte tunnelar, rasfare - og ein veg som ofte blir stengt vinterstid.

(saka held fram under)

Knut arild hareide på driw 11
VIL KUTTE: Samferdsleminister Knut Arild Hareide har vore tydeleg på at kostnadane i transportplanen må ned. Foto: Marius Rosbach

Ny tunnel vil koste meir enn fire milliardar
Det vil koste drygt fire milliardar kroner med ny tunnel over Strynefjellet.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) har ikkje svart NRK på om ein ny tunnel kan komme inn i Nasjonal Transportplan, som blir lagt fram før påske. Krf-statsråden har i løpet av dei siste månadene likevel vore klar på at kostnadane i transportplanen har est ut meir enn det er rom for i dei komande budsjetta.

Raudt lys frå fagetatane
Leiar i Stortingets transportkomite, Helge Orten (H), seier det er krevjande å kome inn i første periode i ein ny Nasjonal transportplan fordi det ligg inne bindingar frå tidlegare, men at dei samstundes legg opp til å gjere meir strekningsvise prioriteringar i den andre perioden.

Om fagetatane får det som dei vil, blir verken Strynefjellet, kryssing av Moldefjorden eller Stad skipstunnel mellom dei prioriterte tiltaka i den komande planen.

Publisert: 17.02.2021 11:03

Sist oppdatert: 18.02.2021 12:11

Mer om