Kort fortalt
Ber regjeringa ta omsyn til fiskeria
Sp-Klinge om havvindsatsing.
13.05.2022
(NPK): Sp-politikar Jenny Klinge meiner det må vere eit soleklart krav at ei framtidig satsing på havvind må ta omsyn til fiskeria.
Regjeringa legg opp til ein havvindproduksjon med 1500 vindmøller innan 2040, noko som vil gi like mykje kraft som Noreg produserer i dag. Klinge, som er vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal, fryktar at ei slik satsing kan skje på kostnad av fiskeria.
Ho seier til NRK at EU-reglane gir eit handlingsrom som norske styresmakter må utnytte, slik at norsk maritim industri får oppdrag.
– Det er heilt uaktuelt å ha ei slik storsatsing utan at denne industrien får ta del i oppturen, seier ho.
(©NPK)
Publisert: 13.05.2022 12:26
Sist oppdatert: 13.05.2022 12:27